top of page

Lydia Haugan Helland er ein låtskrivar, artist og komponist frå vestlandsbygda, Vikedal.

 

​Det å kunne vere allsidig med instrument og stilartar inspirerer Lydia til å lage ny musikk. Heile livet har ho hatt musikk og instrument frå fleire delar av verda rundt seg; tangentar, gitarar, harper, bodhran, djembe, langeleik, fløyter og munnharper. Faren spelte Kent og Coldplay, medan mora introduserte henne for folkemusikken gjennom albumet Nivelkinn, munnharpekurs, gresk folkedans og den irske danseforestillinga, Riverdance. På rommet sitt høyrde Lydia på Ravi, P!nk, Eminem, Beyoncé.

 

​Lydia skriv tekstar på norsk og engelsk. Ho skaper melodiøs musikk med element frå soul, visesjangeren, og folkemusikk.

Plåpp deg innom her og: 

  • YouTube
  • Spotify
  • Facebook
  • Instagram
  • SoundCloud
Kontakt

Støtta av: 

logo.png
Rogfk_Hovedlogo_2000px_RGB.png
CE-logo - sort skrift.jpg
bottom of page